Hopp til innhald

Fade to Black av Nadir Rüstəmli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Fade to Black»
Song av Nadir Rüstəmli

Land Aserbajdsjan
Språk Engelsk
Utgjeve 21. mars 2022
Sjanger Pop
Lengd 02:57
Selskap BMF Records
Komponist Wrethov
Låtskrivar(ar) Andreas Stone Johansson, Anderz Wrethov, Sebastian Schub, Thomas Stengaard

«Fade to Black» (norsk omsetjing 'dimme til mørke', her i tydinga 'falme bort') er ein popballade frå 2022 med den aserbajdsjanske songaren Nadir Rüstəmli. Songen vart gjeven ut 21. mars 2022 og var det aserbajdsjanske bidrag til Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia. Songen er skriven av Andreas Stone Johansson, Anderz Wrethov, Sebastian Schub og Thomas Stengaard.

«Fade to Black» er ein popballade som handlar om slutten på eit forhold, eit som sakte falmar bort. Hovudpersonen går gjennom ein tung sorgprosess med sinne og fornekting over at forholdet er over.[1]

Songen er skriven av eit svensk-tysk-dansk låtskrivarteam sett saman av Andreas Stone Johansson, Anderz Wrethov, Sebastian Schub og Thomas Stengaard. Fleire av dei har skrive ei rekkje andre songar i Eurovision Song Contest tidlegare, blant anna «El Diablo» av Élena Tsagrinoú og «Only Teardrops» av Emmelie de Forest, vinnarsongen frå 2013.[1]

Eurovision Song Contest

[endre | endre wikiteksten]

Den 30. desember 2021 opna den aserbajdsjanske kringkastaren İctimai Televiziya (İTV) opp for å sende inn bidrag til Eurovision Song Contest 2022. Innsending av bidrag vart stengd 31. januar 2022. Alle som sende inn bidrag, måtte også oppgje ei kort skildring av seg sjølv. Til slutt plukka İTV ut seks bidrag av rundt 300 innsende songar.[2][3]

Nadir Rüstəmli vart 16. februar 2022 kunngjord som den utvalde artisten under morgonsendinga til İTV Sabahın xeyir, Azərbaycan ('God morgon, Aserbajdsjan').[2] Etter valet av Rüstəmli, gjekk han og kringkastaren saman om å velje det aserbajdsjanske bidraget ut frå dei seks songane som var kortlista. Til slutt fall valet ned på «Fade to Black».

«Fade to Black» deltok i den andre semifinalen av Eurovision Song Contest 2022 i Torino torsdag 12. mai. Der fekk songen 0 poeng i telefonavrøystinga, men nok jurypoeng til å ta seg vidare til finalen laurdag 14. mai.[4] I finalen vart «Fade to Black» nummer 16 av 25 bidrag med 106 poeng, der berre 3 poeng kom frå sjåarane.[5]

Listeplasseringar

[endre | endre wikiteksten]
Liste (2022) Høgaste
plassering
Flagget til Litauen Litauen (AGATA)[6] 69
  1. 1,0 1,1 «Fade to Black: Azerbaijan's Nadir Rustamli shares Eurovision 2022 song and music video». wiwibloggs (på engelsk). 21. mars 2022. Henta 31. mars 2022. 
  2. 2,0 2,1 Jabbarov, Elvin (16. februar 2022). «"Nadi̇r rüstəmli̇ avrovi̇zi̇ya təmsi̇lçİmi̇z oldu!"». 12XAL (på aserbajdsjansk). Henta 16. februar 2022. 
  3. «🇦🇿 Azerbaijan: İTV Opens Song Submissions for Eurovision 2022». Eurovoix (på engelsk). 30. desember 2021. Henta 31. mars 2022. 
  4. «Results of the Second Semi-Final of Turin 2022 – Aserbajdsjan». Eurovision.tv (på engelsk). Henta 19. mai 2022. 
  5. «Results of the Grand Final of Turin 2022 – Aserbajdsjan». Eurovision.tv (på engelsk). Henta 19. mai 2022. 
  6. «2022 20-os savaitės klausomiausi (Top 100)» (på litauisk). AGATA. 20. mai 2022. Henta 20. mai 2022.